Vildmarksleir

Villmarksleir

Villmarksleiren 2006- ein kjempesuksess!
Med stor påmelding og med strålande vær vart årets leir ei fantastisk oppleving for dei 28 deltakarane. Deltakarane kom frå Førde, Flora, Naustdal, Bremanger, Røyken og Nederland. Leiren vart gjennomført etter planen, og alle deltakarane kom seg gjennom kajakkurset og fekk godkjent “Våttkort” som er Norges Padleforbund sitt sertifikat for kajakkpadling.

Leiren blei lagt til Vevlingen i Batalden, der Kyst aktiv disponerer ein særs høvande eigedom.

Leiren dag for dag
Mandag starta vi med å etablere leirområdet. Vi sette opp telt, bygde gruer og samlingsplass, gangstiar, henta vatn og henta utstyr frå kaia.

Tirsdag utnytta vi det fine været til å gjennomføre tur til toppen av Store Batalden (493 moh) Og tenk, alle deltakarane kom seg til topps, og fekk ei fantastisk høgde- og utsiktsoppleving.

Onsdag og torsdag hadde vi padling og klatring på programmet. Deltakarane vart delte opp i 2 grupper og medan vi kjørte padlekurs med den eine gruppa samstundes fekk den andre gruppa drive med klatring. Kjetil lagde ei lett klatreløype, der kvar einskild fekk klatre opp og fire seg ned att. Rogier heldt samstundes padlekurs for den andre gruppa.

Fredag vart mest brukt til rydding og pakking på leirområdet, men i tillegg fekk deltakarane prøve ei lita taubane denne dagen.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *