Utleige

Utleige

Kyst Aktiv har som målsetning å levere alle aktiviteter du som kunde etterspør, fra det heilt lette til det ekstreme. Om du vil ha tur med førar eller om du vil leige utstyr, hjelper vi deg uansett. Vi forsøker å levere utstyret du treng til din tur.

Kajakk
Kyst Aktiv har ei flåte med kajakkar til leige. Flåta fornyast kvar sesong, og held høg kvalitet og god sjødyktighet. Leige inkluderer redningsvest, våtdrakt, spruttrekk og åre. Utleige for ½ dag, 1/1 dag eller fleire dagar.
Skal du leige kajakk, må du vise ferdighetsbevis, eller vise Kyst Aktiv at du er kyndig.

Båt
Vi disponerer robåtar med påhengsmotor.
Båtane passar til korte fisketurar og strandhogg i nærområda.

Syklar
Gode offroadsyklar med 21 gir. Leige inkluderer hjelm og pumpe.
Utleige av tilleggsutstyr, som sykkelvesker og tilhenger.
Utleige for 1/1 dag eller fleire dagar

Fiskeutstyr
Vi leiger ut fiskestenger til ferskvatn og saltvatn, fluestenger, harper og garn

Dykkeutstyr
Kyst Aktiv leiger komplett dykkeutstyr, dersom du ønsker å dykke aleine i skjergarden utanfor Florø. Alt utstyr er godkjent.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *