Index

Velkommen til Kyst Aktiv

Landskapet i Flora gir rom for store naturopplevingar og alle typar aktiviteter. Vi legg til rette for kystopplevingar og villmarksliv til grupper, turistar, bedrifter og friluftsfolk.

Kjerneaktivitetane våre er:

Alternativt kan vi tilby:
Rappellering, Juvsving, Breturar, Havfiske, Fjellfiske, Laksefiske, Havrafting, Vannsport, Segling med seglskute, Dykking, Rafting, Sommerski, Villmarksleir sommer og vinter, aktiviteter innan ekstremsport

Om du vil kan vi legge opp til blåturar, aktivitetsdagar, familiedagar og aktiviteter som fremjer teambuilding og lagfølelse.

Kurs
Segling, kajakkpadling og kameratredning, skred/redning, kart/kompass/GPS.


Naturen og villmarka ligg der alt. Vi berre lånar den litt. Så tilfører vi vår eigen kompetanse og litt tilrettelegging. Resultatet blir at vi kan tilby opplevingar utanom det vanlege.

Kompetanse/tryggleik
Alle våre førarar er utdanna. Dei har brei erfaring, lokalkunnskap og er lommekjent
i områda dei fører.

Trivsel
Vi vektlegg trivsel. På alle turane med førarar sørgjer vi for forfriskingar, og ser til at deltakarane har det bra. De skal få ei oppleving utanom det vanlege.

Turane passar born
På alle turar med førar vert tempoet lagt opp etter deltakarane. Vi kan også gje deg råd og vink om andre turområde, anbefale turar med særpreg, både i og utanfor allfarveg.

Samarbeid
Vi samarbeider andre reiselivsaktørar for å kunne yte større bredde i vårt tilbod. Dette for at du skal kunne få den opplevinga du ønsker. Ta kontakt med oss så vil vi hjelpe deg med å finne di draumeoppleving.